Større bilde
Større bilde
Større bilde
Dykkesenter
På Rugsund Handelsstad har vi lagt til rette for dykking.

Vi har kompressor (ny 2004) for fylling av luft (225 / 300 bar), båtutleige og ei stor sjøbu til opphold, plassering av utstyr og til tørking av drakter. Tilhøva for dykking i Rugsundområdet er flotte. Straumdykk er populært - berre 2-300 meter frå handelsstaden. Rugsund ligg lunt til. Her kan du dykke sjølv om vermeldinga seier "storm ved Stad".

Rugsund egnar seg svært godt til dykketurar for grupper på opp til ca. 30 personar.