GJESTEHAMN

Velkommen til gjestehamna hos Rugsund Handelsstad. Vi kan tilby ei god og lun hamn med kai og flytebryggjer.

Straumuttak på kaia (16 amp. kurser). På kaia har vi ein landhandel i mest mulig original gammal stil med handel over disk, der vi prøver å føre det mest nødvendige i matvarer. Vi fører fører også fiskeutstyr, grillutstyr, smøreoljer, diesel, propan, etc. Vi prøver å ha eit varespekter som ein gammel landhandel bør ha. Vi har sanitæranlegg, vaskemaskin, tørketrommel, grillplass, leikeplass og oppholdsrom med TV. Her er høve til å gå turar. Merka sti til toppen av Rugsundøya, 549 m.o.h. Ca. 1,5 - 2 timar gangtid.

OBS.: R U G S U N D B R U A !

Har du seilbåt og skal under Rugsundbrua er den offisielle høgda 15 meter i 50 meters breidde. Den reelle høgda under midten av brua er vesentleg høgre - så høg at ein kan gå under med 18 meters høgde på ca. halvflødd sjø. Ring oss (tlf. 5779 4219) for å få oppgitt nøyaktig høgde akkurat no. (de går sjølvsagt på eige ansvar).