Omkransa av vakker natur ligg den gamle handelsstaden i Rugsund på austspissen av Rugsundøya.
Rugsundet er "snarvegen" til Nordfjord når ein kjem sørfrå innover Frøysjøen, (Bremanger kommune, Sogn
og Fjordane).
Nordaust for den mektige, sagnomsuste HORNELEN, høgaste sjøklippa i Nord-Europa, nord om RUGSUNDBRUA, ligg
Rugsundstraumen. STORØYA / LITLEØYA dannar ly for den gamle handelsstaden
RUGSUND. Den lune og gode hamna sentralt plassert ved den indre skipsleia langs kysten, var ettertrakta
av dei sjøfarande.
I dag er hamna mykje besøkt av båtturistar som for alvor har oppdaga den idylliske og fredelege hamna.
På RUGSUND HANDELSSTAD kan du også overnatte på land. Du kan leige rom, leilighet hus eller teltplass.
Du har også høve til å leige selskapslokale til private arrangement.
I Rugsund-området er det svært gode tilhøve for dykking. På handelsstaden kan du fylle dykkarflasker.
Rugsund er eit godt utgangspunkt for turar til HORNELEN, ÅLFOTBREEN, VINGEN HELLERISTNINGSFELT
(obs! ferdselsrestriksjonar) og elles flotte fjellturar i fjellområda omkring.
Her vil heile familien storkose seg i flott kystkulturmiljø, staden er tilrettelagt for både voksne og
barn.
Du er hjertlig velkommen til oss anten du kjem sjøveien eller landeveien. Sjølv om vi bur på ei øy, har
vi ikkje lange båtturen over "Sundet" til fastlandet. Båtturen over tar bare
2-3 minutter.
Velkommen til kystkultur på sitt beste !
Helsing vertskapet Skaar
OBS.: R U G S U N D B R U A !
Har du seilbåt og skal under Rugsundbrua er den offisielle høgda 15 meter i 50 meters breidde. Den reelle høgda under midten av brua er vesentleg høgre - så høg at ein kan gå under med 18 meters høgde på ca. halvflødd sjø. Ring oss for å få oppgitt nøyaktig høgde akkurat no. (de går sjølvsagt på eige ansvar).
Tlf : 577 94130 (Handelstad)
Tlf : 577 94219 (Privat)
Mob: 91314961
Se været i området :